Velkommen til hundreårsjubileum og opning av nye Stedjetunet

Etter lang tids venting er det endeleg klart for stort jubileum og offisiell opning! Arrangementet er opent for alle og går av stabelen i festsalen fredag 22. oktober frå kl. 19.00.

Bilde av Stedjetunet
Foto: Jostein Heggestad

Vi er stolte over at Stedjetunet igjen kan opna dørene og bli ein god og trygg samlingsstad for store og små.

Jubileum og opningsfest 22. oktober

Det er med stor glede vi inviterer til kombinert jubileumsmarkering og offisiell opning fredag fra kl. 19.00. Vi har plass til 130 gjestar i salen.

Det blir musikalske innslag ved musikkskulen, Arild Slinde og Dalklang. Rolf Sande vil fortelje oss om tankar, idear og utfordringar arkitektkontoret fekk då dei skulle teikne nye Stedjetunet.  Kjell Olav Høstaker Nordheim skal snakke om kva Stedjetunet har betydd for kyrkja, bygda og seg sjølv – og med eit blikk framover. Inger Pedersen gir oss eit historisk tilbakeblikk, og det blir helsingar, talar og enkel servering.

Open dag laurdag 23. oktober

I tillegg held vi ope hus i to timar frå kl. 11.00 på laurdag, slik at alle som ønskjer kan komme innom og sjå det nye flotte bygget vårt.


Stedjetunet er eigd og vert driven av Stiftinga Stedjetunet som er skipa av kyrkjelydane i Sogndal prestegjeld (Kaupanger, Norum og Stedje sokn). Bygget er reist på nytt etter at det vart totalskadd i brann i desember 2017.