Staseleg opning av nye Stedjetunet

Eit hundretal gjestar var til stades for å feire då Stedjetunet markerte jubileum og offisiell opning 22. oktober. Endeleg var det kvite huset på Stedje igjen fylt med musikk, song og mange gode ord.

Gruppebilete
Stor stas da nye Stedjetunet endeleg kunne markere offisiel opning. Frå v. Inger Pedersen, Rolf Sande, Kjell Olav Høstaker Nordheim, Aud Marie Stundal, May Kristel Bødal og Vibeke Johnsen.

Festkvelden vart opna med flotte bidrag frå musikkskuleelevane Elisabeth Nornes på piano og Brage Ølmheim på saksofon, akkompagnert av Arild Slinde. Deretter kunne konferansier May Kristel Bødal introdusere tidlegare sokneprest Kjell Olav Høstaker Nordheim som var invitert for å seie nokre innleiande ord om kva Stedjetunet har vore for han, for bygda og for kyrkja.

Ein stad for fellesskap

– Eit viktig stikkord som alltid har kjenneteikna Stedjetunet er fellesskap, sa han, og peikte på at Stedjetunet har vore ein viktig arena med mange aktivitetar. Sjølv trekte han fram sine minne frå ungdomstida med ungdomsklubb, nattkafe som eit rusfritt alternativ og som ein stad med kor- og musikkøvingar. 

Han gjorde også eit poeng av at for kyrkja sin del har Stedjetunet vore ein mulegheit og ei gåve i møtet med felleskapet:

– Eg er glad for at denne plassen ikkje heiter noko med «heim», men «tun». Det er litt enklare å stikke innom på tunet for å slå av ein prat, slo han fast. For Stedjetunet har ei historie som ein open og raus plass med rom for alle.

Eit viktig stikkord som alltid har kjenneteikna Stedjetunet er fellesskap, fastslo tidlegare sokneprest Kjell Olav Høstaker Nordheim.

Historiske tilbakeblikk

Inger Pedersen tok forsamlinga med på ei interessant tidsreise hundre år tilbake og fortalde historia bak etableringa av gamleheimen på Stedje, opninga i 1921 og dei 60 åra heimen vart driven. Ho hadde også med seg eit gamalt måleri av huset på Stedje. Lærar Tomas Fosse som i si tid også sat i forstandarskapet til stiftinga, måla bildet. Bildet er no er tilbake på Stedjetunet etter å ha «budd» meir og mindre usynleg på Sogndal helse- og omsorgssenter ein del år.

Inger Pedersen med måleriet som no er tilbake på Stedjetunet.

Med på festkvelden var fleire godt vaksne kvinner som alle hadde jobba på gamleheimen. Salen høyrde med stor interesse på Ingrid Johanne Haugen (74) som fortalde levande om denne tida. Som 22-åring kom ho til Sogndal for å arbeide på heimen. Det var ein tildels hard arbeidsdag som starta tidleg på morgonen og var ferdig seint på kvelden – og gjennom dagen hadde ho då passa både bebuarar og husdyr.

– Men vi hadde det kjekt!

Eit moderne bygg

I samtale med Aud Marie Stundal fortalde arkitekt Rolf Sande om korleis han frå si side opplevde at arbeidsplassen gjekk opp i røyk i 2017, og kva for tankar han gjorde seg da det nye Stedjetunet skulle finne si form. Ein del utfordringar har dukka opp undervegs i prosessen fram mot nytt bygg, men Sande let vel om samarbeidet med Stiftinga Stedjetunet som byggherre.

Arkitekt Rolf Sande i samtale med Aud Marie Stunda. Han fortalde om sine tankar rundt planlegginga og utforminga av nye Stedjetunet.

– Arkitektonisk var det viktig å ta med seg trekk frå det gamle Stedjetunet. Det måtte bli ein kvit bygning på haugen, men så måtte det også gjerast i ei moderne utforming, slo han fast.

Det vanka særleg ros og helsingar til styreleiar Ove Bukholm som har vore primus motor for byggeprosessen, og også Magny Bukholm som tek seg av mykje av det praktiske arbeidet knytta til utleige og drift av det nye huset. 

Aud Marie Stundal overrekte velfortente blomster og gode ord til styreleiar Ove Bukholm og Magny Bukholm.

Musikk og song 

Til sist vart også barnehagestyrar Gunnhild Holen gjort stas på. Ho og hennar tilsette har måtta handtert store omstillingar knytt til brannen og har vore viktige premissgivarar når det nye bygget med nye barnehagelokale skulle planleggast og byggast. 

Vidare overrekte varaordførar Vibeke Johnsen ei helsing og gode ønske frå kommunen til stiftinga og brukarane av Stedjetunet. Utover kvelden var det korsong ved både Dalklang og Gospelkortet Glimt – der salen song med på delar av repertoaret. 

Laurdag var det ope hus på Stedjetunet. Mange nytta høvet til å stikke innom for å få ei omvisning og ein kopp kaffe ved eit bord – med den flotte utsikten over Sogndal og Sogndalsfjorden bada i sol.