Bli med på dugnad 8. mai!

Måndag 8. mai blir det dugnad på Stjedjetunet frå kl. 17.00.

Med det nye Stedjetunet har vi fått eit flott kyrkjelydshus. Det er mange som brukar huset til ulike formål, og det er viktig at vi tek godt vare på både hus og uteområde.

Velkomen til dugnad måndag 8. mai. Vi skal koste parkeringsplassen, rake plena og rydde ved stabburet. Det er også behov for noko vasking inne på Stedjetunet. Ta gjerne med eige utstyr.

Vi stiller med kaffi og bollar og ønskjer velkomen til hyggeleg samvær!