Våren er her, og det er tid for ein liten dugnad ute og inne.
Det er flott at så mange nyttar huset til ulike formål, og det er viktig at me tek godt vare på hus og uteområde.
Ute er det luking, raking, kosting av parkeringsplassen, rydding i skråningar, med meir. Ta gjerne med eigne redskap. Inne er det støvsuging/rensing av møblar, reparere bord, skru saman serveringsvogn, med meir.
Det er også kjekt å ha ei felles pause, så om det er nokon som vil ta med litt å bite i til den, så er det fint!
Me inviterer difor til vådugnad frå kl. 17.00. Velkomen!
