Onsdag 7. mai vart det arrangert dugnad på Stedjetunet, og heile 12 personar stilte opp med godt humør og arbeidslyst. Alle gjorde ein stor og viktig innsats for å gjere tunet klart for sommaren.

Ugraset forsvann, to flotte rhododendron – ei gåve til tunet – vart planta, tunet vart kosta, møblane vart støvsugde og det nye trillebordet vart montert. Etterpå vart det god stemning med kaffi, kransekake og prinsessekake, og praten gjekk lett rundt bordet.
Styret vil rette ein stor takk til alle som møtte opp og bidrog til at Stedjetunet framleis er ein triveleg og innbydande stad for alle. Dette viser kva vi får til når vi står saman!