Onsdag 30. september ønskjer vi hjarteleg velkomen til basar på Stedjetunet – ein kveld til inntekt for huset vårt, med åresal, loddsal og andakt for store og små. Alle er velkomne!

Basaren opnar kl. 17.00 og varer til ca kl. 20.00.
Førebels program
- Velkomen og fellessong
- Servering av middag (pølser)
- Åresal i fleire rundar og gratis bonglotteri for dei minste
- Songarar frå Tweenskoret leia av Kari Malmanger, kjem og syng ca. 18.30
- Kort andakt ved Vegard Bondevik Lie, fellessang og servering av kaffi, saft og kake. Song ved Birthe Husum og Anita Instefjord
- Trekkingar frå åresal og hovudlotteri
- Kunngjeringar og avslutning
Gjennom heile kvelden kan du også kjøpe lodd til hovudlotteriet – loddsalet går parallelt med åresalet, og sjølve trekninga av dei fine gevinstane skjer heilt til slutt.
Har du ein gevinst å gje?
Åresal kostar kr. 10,-, og lodd til hovudlotteriet (i bøkene) kostar kr. 20,-. Har du ein ubrukt gjenstand du vil gje, tek vi gjerne imot gevinstar!
Vel møtt til ein triveleg kveld på Stedjetunet – alle inntekter går til huset vårt.
Dersom du vil kjøpe lodd med Vipps, skann dette bildet eller skriv inn koden:


