Onsdag 30. september heldt vi basar på Stedjetunet, og kvelden enda med at det kom inn omlag 24 000 kroner til huset vårt! Tusen takk til alle som kom, bidrog og gjorde kvelden så fin.

Veldig kjekt at så mange kom og bidrog på basaren – med pengar, arbeid og tid! «Med pengar, arbeid og tid» var også orda i ein av salmane vi song den kvelden, og noko presten også tok opp i andakten.
Mykje fint skjer når så mange stiller opp for Stedjetunet, kvar på sin måte!
Det vart eit triveleg arrangement med årésal, loddsal og mange fine gevinstar, og vi vart svært glade for alle som hadde gjeve gevinstar på førehand. Elevar frå musikkskulen bidrog med flott song, under leiing av Kari Malmanger. Ei fin stund vi set stor pris på.
All inntekt frå basaren går rett til huset vårt. Vi skal no evaluere basaren som arrangement, og tek gjerne med oss eventuelle innspel og meiningar vidare, så sei gjerne frå om du har tankar om korleis vi kan gjere det endå betre neste gong.
Igjen: Tusen takk til alle som kom, alle som bidrog med gevinstar og alle som var med.



