Bidrag

Me er takksame for alle bidrag!

Ønskjer du å gje eit bidrag til nye Stedjetunet, kan du gjere det på denne sida. Alle pengane som vert samla inn skal brukast til å halde hus og uteområde i topp stand.

Vipps: Send til 606963 eller søk opp Stiftinga Stedjetunet

Bankkonto: 3720.09.54115.

Me set pris på både enkeltbidrag og faste bidrag, og beløp bestemmer du sjølv. Om du vil gje ein fast sum, t.d. kvar månad, kan du opprette eit fast trekk i nettbanken din.

Gjenreisinga av Stedjetunet som brann ned i 2017 er eit stort økonomisk løft, og aukande rentekostnader for tida er utfordrande for stiftinga.

Kjekt om du vil hjelpa til slik at òg nye Stedjetunet vert ein god plass å vera. 

Takk for at du støttar Stedjetunet.