Me er takksame for alle bidrag!
Ønskjer du å gje eit bidrag til Stedjetunet, kan du gjere det på denne sida. Pengane som vert samla inn skal brukast til å halde hus og uteområde i topp stand.
Stedjetunet er ei arena for korøvingar, babysong, småtrolltrall, ulike medlemsmøter, dåpsring, med meir, og stiftinga ynskjer at desse aktivitetane framleis kan få bruke forsamlingsdelen fritt.
Vipps: Send til 47610 eller skann QR-koden nedanfor.

Bankkonto: 3720.09.54115.
Me set pris på både enkeltbidrag og faste bidrag, og beløp bestemmer du sjølv. Om du vil gje ein fast sum, t.d. kvar månad, kan du opprette eit fast trekk i nettbanken din – eller gå inn på vippsnummeret til Stedjetunet og velje enkeltbeløp eller fast trekk. Det er inga bindingstid og om du ynskjer å stoppe avtale om fast trekk, ta kontakt på tlf. 40402692 eller ove.bukholm@outlook.com.
Gjenreisinga av Stedjetunet som brann ned i 2017 er eit stort økonomisk løft, og aukande rentekostnader for tida er utfordrande for stiftinga.
Kjekt om du vil hjelpa til slik at òg Stedjetunet vert ein god plass å vera.
Takk for at du støttar Stedjetunet.

