Dette er nye Stedjetunet
Nye Stedjetunet sto ferdig i november 2020.
Stedjetunet er eit kyrkjelydsbygg som inneheld selskaps- og forsamlingslokale, barnehage og kontorareal for utleige. Bygningen er eigd og drivast av Stiftinga Stedjetunet.
Les også: Dette er historia om Stedjetunet.
Bygningen vart i løpet av 2020 gjenreist etter at den originale bygningen brann i desember 2017.
- Om nye Stedjetunet
- Arkitekt: Arkitektkontoret A38.
- Hovudentreprenør: Tharaso AS.
- Byggekostnad: 41 mill. kr.
- Areal: 995,3 kvm over tre etasjar.
- 1. etasje: Selskaps- og forsamlingslokale og avd. for Stedje barnehage.
- 2. etasje: Kyrkjekontor.
- 3. etasje: Arkitektkontor og relatert verksemd.
Om byggeprosjektet
Byggjearbeidet starta hausten 2019. Arkitektonisk har det nye Stedjetunet med seg trekk frå den historiske bygningen, men med eit moderne uttrykk i form og materialval. Bygningen rommar Stedje barnehage, forsamlings- og selskapslokale, kyrkjekontor, arkitektkontor og andre kontorplassar for utleige.
Første trinn var grunnarbeid, betongarbeid og stålarbeid. Desse arbeida var ferdigstilt i februar 2020. Neste entreprise omfatta elementkonstruksjonar av tre som vart krana på plass i løpet av to veker. Resten av tida fram til påske gjekk med til å få tett tak/ tett hus. Etter påske starta trinn tre som er resten av arbeidet. Det innebar alt innreiingsarbeidet – dei tekniske faga og utvendig platekledning.
Bygget vart ferdigstilt i slutten av november 2020, helt etter planen.
Bildegalleri: Det ferdige bygget
Foto: Are Kvistad