Om Stedjetunet

Dette er nye Stedjetunet

Nye Stedjetunet sto ferdig i november 2020.

Fasade og inngangsparti
Fasade og parkering ved inngangspartiet, oktober 2021. Foto: Are Kvistad

Stedjetunet er eit kyrkjelydsbygg som inneheld selskaps- og forsamlingslokale, barnehage og kontorareal for utleige. Bygningen er eigd og drivast av Stiftinga Stedjetunet.

Les også: Dette er historia om Stedjetunet.

Bygningen vart i løpet av 2020 gjenreist etter at den originale bygningen brann i desember 2017.

  • Om nye Stedjetunet
    • Arkitekt: Arkitektkontoret A38.
    • Hovudentreprenør: Tharaso AS.
    • Byggekostnad: 41 mill. kr.
    • Areal: 995,3 kvm over tre etasjar.
    • 1. etasje: Selskaps- og forsamlingslokale og avd. for Stedje barnehage.
    • 2. etasje: Kyrkjekontor.
    • 3. etasje: Arkitektkontor og relatert verksemd.

Om byggeprosjektet

Illustrasjon av nye Stedjetunet
Arkitektens teikning av nye Stedjetunet før bygginga starta.
Illustrasjon: Arkitektkontoret A38

Byggjearbeidet starta hausten 2019. Arkitektonisk har det nye Stedjetunet med seg trekk frå den historiske bygningen, men med eit moderne uttrykk i form og materialval. Bygningen rommar Stedje barnehage, forsamlings- og selskapslokale, kyrkjekontor, arkitektkontor og andre kontorplassar for utleige.

Illustrasjon: Arkitektkontoret A38

Første trinn var grunnarbeid, betongarbeid og stålarbeid.  Desse arbeida var ferdigstilt i februar 2020. Neste entreprise omfatta elementkonstruksjonar av tre som vart krana på plass i løpet av to veker.  Resten av tida fram til påske gjekk med til å få tett tak/ tett hus. Etter påske starta trinn tre som er resten av arbeidet. Det innebar alt innreiingsarbeidet – dei tekniske faga og utvendig platekledning.  

Bygget vart ferdigstilt i slutten av november 2020, helt etter planen.

Bildegalleri: Det ferdige bygget

Foto: Are Kvistad