Velkomen til vårdugnad på Stedjetunet onsdag 6. mai
Ute er det luking, raking, kosting av parkeringsplassen, rydding i skråningar, vasking av terasse og utvendig vindusvask i 3. etg. med meir. Ta gjerne med eigne redskap. Inne er det støvsuging/rensing av møblar, reparere bord, med meir.
Det er også kjekt å ha ei felles pause, så om det er nokon som vil ta med litt å bite i til den, så er det fint!
Me inviterer difor til vårdugnad onsdag 6. mai frå kl. 17.00. Velkomen!








