Historia om Stedjetunet

Frå pensjonat og aldersheim til barnehage, kyrkjekontor og forsamlingshus

Historia om Stedjetunet starta i 1894 då søstrene Anna Christiane Lem (f. 1852) og Amalia Lem (f. 1857) opna pensjonat i hovudhuset på garden Øvre Stedje i Sogndal. I 1912 overtok Peder J. Næss (f. 1856) frå Luster verksemda og dreiv hotell der fram til 1916. Då var han i gang med bygging av Hofslund Hotell på den gamle gjestgivarstaden i Sogndal.

På denne tida arbeidde sokneprest Johannes Brochmann (f. 1852) med ei pengeinnsamling for å få bygd ein gamleheim for Sogndal kommune. Brochmann var ein sterk pådrivar i saka. Næss tilbaud eigedomen sin på Øvre Stedje, og i 1916 selde han heimen for 30000 kroner til styret for gamleheimen.

Både kyrkjedepartementet og kommunen var inne i diskusjonen om planane om gamleheim i Sogndal. Sogndal Bygdebok siterer korrespondanse der det blir peikt på eigedomen på Stedje som eit alternativ med «… den heldige beliggenhet like ved kirken og den herligste utsikt over fjorden og dalen…»

For Øvre Stedje var som skapt for føremålet. Til gardsbruket var det 21 dekar jord som gjorde ein godt sjølvforsynt med jordbruksvarer, ein stor frukthage og det kunne vinterfødast “tre kyr, fem smalar og griser”. Området ligg på ein marin terasse 27 meter over havet med utsikt over dalen og Sogndalsfjorden.

Delar av garden Stedje sommaren 1957. Nærast ser vi kyrkja og bak den ligg området som var det gamle tunet på Stedje attende til mellomalderen. Hovudhuset vart i 1921 bygd om til gamleheim. Foto: Telemark Flyselskap AS/Johan Ottesen.

Aldersheim i 60 år

Faksimile frå sogeheftet av Vilhelm FlugheimGamleheimen skulle drivast som ei «menighetssak» for alle tre kyrkjelydane i Sogndal prestegjeld – Stedje, Kaupanger og Norum sokn.

I sogeheftet “Heimbygdi vaar, Sogndal, Aarbok II” som Vilhelm Flugeim gav ut i 1923, går det fram at dei tre kyrkjesokna vart eigar av gamleheimen og at denne vart forvalta av eit forstandarskap og styre (i dag Stiftinga Stedjetunet).

Hovudbygningen var for liten til føremålet og vart påbygd i 1919 slik at det vart plass til 42 personar. Den 5. juni 1921 vart heimen offisielt opna.

I over 40 år sto bygningen meir eller mindre uendra og var i bruk som gamleheim fram til 1981. Då flytta Sogndal gamleheim på Stedje og sjukestova på Arvål saman i nybygg i Skulevegen (i dag Sogndal helse- og omsorgssenter).

Eit hus for alle

Frå 1980-talet vart den store trebygningen på Stedjetunet, som eigedommen no vart kalla, teken i bruk til ei rekkje føremål. I 1979 opna Stiftinga Stedjetunet den første heildagsbarnehagen i kommunen. Stedje barnehage er den dag i dag driven som privat barnehage med plass til 68 born.

Stedjetunet husa etter kvart også arkitektkontor, og noko seinare kyrkjekontoret i Sogndal og Leikanger med eit titals kontorarbeidsplassar.

Den historiske bygningen har vore brukt som forsamlingslokale og kyrkjelydshus for fleire tusen kyrkjelydsmedlemmer – med kyrkjekafé, søndagsskule, ungdomsklubb, nattkafé og studentlag, og til konfirmasjonar, dåpsfeiring og liknande. Mange speidarar har hatt Stedjetunet som base for sine aktivitetar.

Over 30 lag og organisasjonar nytta Stedjetunet som samlingsstad før den tragiske storbrannen i 2017. Det var eit hus mange i Sogndal kjende seg knytte til.

Brannen

Foto: Øyvind Nondal/Porten.no

Om kvelden 3. desember 2017 braut det ut brann i Stedjetunet. Brannmannskap frå Sogndal og Leikanger fekk støtte frå Sivilforsvaret, Sogndal lufthamn og brannvesenet i Førde i det krevjande sløkkingsarbeidet. På det meste jobba 50 personar med å få kontroll på flammane, men brannen blussa opp i den gamle tømmerbygningen som til slutt vart totalskadd. Politiet konkluderte med at brannårsaka var at ei plate på komfyren på kyrkjekontoret ved eit uhell hadde stått på, og at ingen kunne lastast for hendinga.

Ingen personar vart skadde i brannen.

Storbrannen medførte at Stedje barnehage mista ei av sine fire avdelingar der 15 born hadde plass. Dei andre avdelingane vart ikkje råka.

Kyrkjekontoret vart påført store skadar. Gravkarta til fire kyrkjer gjekk tapt. Over 40 kyrkjebøker som sto på kyrkjekontoret vart øydelagde eller fekk store vass- og røykskadar. Det vart sett i gang eit omfattande arbeid saman med Statsarkivet i Bergen for å prøva å berga materialet som inneheldt 45 år med kyrkjehistorie.

Nye Stedjetunet reiser seg

Bygningane var fullverdiforsikra, og Stiftinga Stedjetunet starta straks å undersøkja om det var råd å gjenreisa Stedjetunet. I samarbeid med arkitekt Rolf Sande ved arkitektkontoret A38 og kyrkjekontoret vart det utarbeidd eit prosjektforslag som stiftinga godkjende i november 2018. Byggjearbeidet starta hausten 2019 og vart ferdigstilt i november 2020.

Arkitektonisk har det nye Stedjetunet med seg trekk frå den historiske bygningen, men med eit moderne uttrykk i form og materialval. Bygningen gir rom for utleige til Stedje barnehage, til forsamlingsføremål, kyrkjekontor, arkitektkontor og andre kontorplassar for utleige.

Fasade og inngangsparti
Fasade og parkering ved inngangsparti.

Det store kvitmåla huset på Øvre Stedje har vore ein institusjon og eit landemerke i Sogndal i hundre år. Stiftinga Stedjetunet vil byggja vidare på denne arven og fornya Stedjetunet som samlingsstad og senter for kyrkjelydsarbeidet også i framtida.


Kjelder: