Utleige av lokale

Utleige av selskaps- og forsamlingslokale

I hovudetasjen i Stedjetunet er det flotte lokale med fantastisk utsikt over fjord og fjell. Det er ein stor sal som kan delast i to med ein skiljevegg som er lett å setje opp. I tillegg er det eit møterom for 8 personar.

• I storsalen er det plass til 140 stolar til kurs og konferansar. Om ein dekker opp, er det plass til omlag 90 personar. Når salen er delt, er det plass til omlag 40 i kvar sal.


• Moderne storkjøkken
• Gratis trådlaust internett
• Lydanlegg og trådlaus mikrofon
• Utleige av kvite dukar

Prisar og vilkår

Type utleigePris eks mva*
Konfirmasjon, dåp, minnestund, gebursdagsfeiring mm:
Storsalen med kjøkken4.100 kr
Halv sal med kjøkken3.000 kr
Stiftinga Stedjetunet kan i samarbeid med Lustraporten tilby følgjande til minnesamvær på Stedjetunet:
– Dekka bord med kvite dukar, lys og serviettar – leige kr. 5.800 for heil sal/kr. 4.250 for halv sal, inkluderer nedrigging og utvask.
– Leige av dukar kr. 100,- pr. duk.
– Blomster pr. bord kr. 50,-. Kr. 500 for fullt oppdekka sal.

Lustraporten leverer mat utifrå sin cateringmeny. Lustraporten stiller med servitørar som også tek oppvasken, kr. 400,- pr. servitør pr. time.
Lustraporten leverer mineralvatn og kaffi.

Om Stedjetunet stiller med kjøkken- og oppvaskhjelp:
20-40 personar: Kr. 2.600
41-90 personar: Kr. 4.150
Huset er tilgjengeleg kvelden før for pynting og eventuelt
neste morgon for opprydding.
Seminarhelg for bedrifter, lag og organisasjonar:
Frå fredag kl. 14.00 – søndag kl. 17.00:5.800 kr
Dagsmøte for bedrifter:
Storsalen3.000 kr
Halv sal2.350 kr
Dagsmøte for lag og organisasjonar (utan avtale med Stedjetunet):
Storsalen1.750 kr
Halv sal1.200 kr
Møte på kveldstid for lag og organisasjonar (utan avtale med Stedjetunet):
Storsalen700 kr
Halv sal500 kr
*) Mva kjem i tillegg for momspliktige verksemder. Prisane er indeksregulert frå 2026.

Når er det ledig? Sjekk kalenderen.

Vedr. leige av lokale kan du ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 57 67 99 85 eller post@sogndal.kyrkja.no.

Generelt: Leigetakar ordnar med vask av toalett og golv i heile leigearealet, og vaskar alt ein har nytta frå kjøkkenet.

Det er ikkje høve til å servere alkohol på Stedjetunet.

Lag og organisasjonar som ynskjer å bruke Stedjetunet til fleire møter/arrangement gjennom året, kan ta kontakt med kyrkjekontoret (sjå kontaktinfo over) for å få forhandla fram ein tilpassa avtale.

Bilde av inngangsparti, forsamlingslokale, kjøken og uteområde

Delar av arealet i Stedjetunet er leigd ut som kontorlokale.